mandag 4. mai 2009

Lordehytta - eit slott i fjellheimen


Langt inn i fjellheimen. 11 km frå Røysland i Åseral og endå lenger frå Knaben i Kvinesdal ligg Lordehytta, eit Soria Moria slott for seg sjølv attmed Vievatn. Eit landemerke i Åseralsheiene. Her var det at Lord Salvesen på byrjinga av 1900 talet bygde seg sitt eige slott. Ei tid lenge før snøscooter og helikopter. Her var det hest med kjerre og kløv som vart nytta. Materiala vart frakta opp frå Mandal etter at mykje av dei var kome inn med båt frå Skottland. I tillegg til sjølve hytta er det og fleire andre bygningar som er knytt til. Eige tenestebustad, hundehus og fangstlager.

Edward Salvesen vart fødd i Leith i Skottland i 1857 og var son av Christian og Amalia Salvesen som begge var utflytte mandalittar. Edward Salvesen som vart Lord Salvesen i 1922, hadde gjennom heile livet ein stor kjærleik til Mandal og Åseral. Kvar haust vitja han Åseral for å jakte på rype og fiske i fjellvatna.
Ein kunne skrevet mykje om Lord Salvesen og hans virke, men det for bli ei annan gong. Dei siste åra har reiselivskontoret i Åseral arrangert guida turar inn til Lordehytta, slik vert det og i år. Sundag 26.juli vert det ein naturlostur inn til Lordens gamle rike. Her vil historia bli fortalt. Hytta er i privat eige og det let seg difor ikkje gjere med omvisning innandørs, men berre det å få høyre historia og samstundes nyte nistepakka på trappa er ei stor oppleving. Eg vil aldri gløyme fyrste gong eg gjekk turen inn. Når eg kom øve toppen rett aust for hytta og Vievatn. Ei oppleving så stor øve dette byggverket, fleire timars gange inne i fjellheimen. Etter denne gonga har eg vore inne til Lordehytta ved fleire høve og det er like stort kvar gong. 26.juli skal eg inn igjen og no kan du få vere med!

Ingen kommentarer: